I dag er bruken av internett utruleg høg. Omtrent 82 prosent av folket i Norge bruker internett kvar einaste dag, og tala stig for kvart år. (http://www.ssb.no/ikthus/) Barn frå 6 år og oppover har allereie lært seg å bruke internett, og eldre opp i 70 års-alderen har også kasta seg på trenden. Den største grunnen til dette er nok fordi internett har utvikla seg så masse dei siste åra, og internett er tilgjengeleg nesten overalt. Ein kan finne svaret på det meste på nettet, og ein kan helde seg oppdatert heile tida, i tillegg at nettsider slik som Facebook kan gjer at du kan helde kontakten med folk over heile verda.

Internett overalt

Dei fleste i vår tid har skaffa seg smarttelefonar, og sitter på nettet så og si heile dagen. Folk har blitt avhengige av internett, og mange er i faresonen for å bli for avhengige. Ein kan ikkje gå nokon stad utan å sjå ein eller anna person som sit på nettet på anten mobilen eller pc-en. Nokon gonger kan det irritere meg, for nokon kan ikkje helde hovudet oppe frå skjermen. Personleg kan eg innrømme at eg er ganske avhengig av internett sjølv, men eg treng det ikkje med meg heile tida. Eg brukar det som oftast for å helde meg oppdatert på kva som skjer rundt omkring i verda, og då er det Facebook, Twitter og Youtube som er aktuelle nettsider. Det er også nokon av dei som er mest populære i dag.

Kanskje ikkje veldig normalt å sitte på taket med pc-en? Men folk sit på nettet nesten overalt no for tida…

I denne artikkelen kan ein sjå kva som var dei mest populære nettsidene i Norge i 2011.

Både negativt og positivt

Eg huska nettbruken var mykje mindre då eg var yngre. Det er eigentleg trist å sjå at mange ungar no brukar tida si framfor pc-en staden for å vere ute og leike med andre venar, slik eg og venane mine gjorde då eg var liten. Men eg trur det også er ein bra ting med at barn i tidleg alder lærar korleis nettet fungerer fordi dei held seg oppdaterte på kva som skjer i verda, og dei lærar ting som dei treng nytte av seinare i livet.

I ein artikkel i VG kan ein lese om det at norske barn har vert inne på fleire farlege nettsider i forhold til barn på same alder i andre land.

Advertisements